Eg tenkjer støtt på kor viktig det er å ta vare på historia. Tida er ikkje slik at vi lever eit rutinemessig liv der det same gjentek seg år ut og år inn. Sett frå ei side, kan det kanskje sjå slik ut, men går ein livet nærare i saumane er det eine året svært ulikt det andre. Og om vi ikkje hugsar kva som skjedde i går, ser vi ikkje teikninga av planen som gjeld for dagen i dag.
Siste fem seks åra har eg tidvis hatt gleda av å vera øvingslærar for dei tre borna våre i "vegen til førarkortet". Og no siste året er det Marte, vår yngste, som har halde på. Ein av tinga eg må masa litt på er å heile tida flytta blikket og å sjå i spegelen. For om vi ikkje har kontroll på det som er bak oss, kan sjølv køyring framover verta fatal. Tilbakeblikket har ei framoverretta meining; å sjå kvar vi er på veg, og halda fram på den vegen med endå større iver, med full visse om at kvar dag fører oss ein dag nærare målet.
Vi har aldri full kontroll på kva andre trafikkantar kan koma til å føreta seg av galemannsfakter, men vi kan observera korleis trafikkbildet ser ut og ha kontroll på situasjonane ut frå ei forventning om at andre også føl reglar og føreskrifter som gjeld. Då er utvendige speglar gode å ha. For vi treng ikkje snu oss mot det som er bak, berre kasta eit blikk på det medan fokuset framleis er framover. Om framtida kan ein heller ikkje vita alt, for morgondagen har vi endå ikkje sett. Men vi kan læra av dagen igår og nytta det idag.
Som kristen har eg opplevd mykje, likevel er det mangt eg framleis vi oppleva. Samanlikna med den planen eg sjølv la for livet mitt, ser eg at det har blitt fleire hundre gonger meir spanande enn det eg la opp til sjølv. Eg vaks eg opp på Osterøy og tykte eg budde på den finaste plassen på jord. Så glad var eg i heimstaden min at eg gjorde vedtak om at her skal eg bu så lenge eg lever. Andre land og andre kulturar hadde eg ikkje interesse for. Eg var likesæl med tanke på å reisa, og å læra språk kunne eg ikkje fordra. Som barn stamma eg mykje. Det gjorde nok sitt til at engelsktimane vart vanskelegare enn dei elles ville vorte og engelsk vart det mest forhatte faget i skulen. Men eg trong det heller ikkje, for eg skulle berre bu her og snakka dialekt.
Så kom Jesus ein dag og banka på. Det forandra alt. Eg gjekk på bibelskulen då eg var 30, og måtte ha tolk for å skjøna alle lærarane sørvestafrå. Det året tala Gud om å flytta frå Osterøy, og eg bestemde meg for å læra engelsk. No er dette omlag 20 år sidan og for tida held eg på å læra meg spansk, etter fleire år med reising til Sør-Amerika.
Framtida vert ikkje alltid slik vi hadde tenkt. Og ofte kunne vi lagt til - heldigvis. Som ung hadde eg ein lei tendens til å dagdrøyma. Kunne sitja lenge og glo ut glaset og sjå på naturen og drøyma om
ting som skulle vore kjekt å oppleva. Mange av dei draumane hadde eg ingen idé om skulle gå i oppfylling. Men i dei siste 20 åra av livet mitt har eg fått oppleva veldig mange draumar gå i oppfylling som før berre vart rekna som fantasi. Dagdrøyming har det blitt mindre av men draumar har eg framleis. For om ein ikkje har draumar har ein inga spanande framtid. Men det har eg. Og eg gler meg til framtida. Og det er her tilbakeblikket hjelper meg. For når eg ser kva Gud har gjort, veit eg at han kan gjera så mykje meir også. Difor kastar eg berre eit blikk i spegelen for å sjå at alt er klart.
tysdag 28. februar 2012
tysdag 21. februar 2012
Fengsel med smak av himmelen
Betongveggene i fengselet i Oroketa gjev god akkustikk. Bak sprinkeldørene på kvar side av den nakne korridoren bur 14-15 mann på kvar celle. Vi kjem inn i korridoren og Johnny annonserer at vi er her. Bak jernstengene er det respons å få. På nokre av cellene finn dei fram gitarane sine og gjer seg klar til å spela og syngja under Johnny si leiing. Han går opp og ned korridoren og syng med ei røyst som berre dei beste kan ta etter. Inne frå cellene kjem det sang og musikk frå dei fleste.- og det let fantastisk bra. Betongen gir gjenklang. Lyden ber slett ikkje preg av at vi er på kvar vår side av stengde fengselsdører.
Mennene synes det er flott å få besøk frå Norge. Det er berre ein god månad sidan dei hadde besøk av ein annan nordmann. Jan Eriksen var også her saman med Noralv. Noralv kjenner dei og Jan hugsar dei godt. Jan veit godt kva det er å vera innesperra, og han veit korleis fengsla ser ut, verda over. Og han veit kva det er å bli sett fri frå det gamle livet og leva eit nytt liv. Evangelisten Johnny er her i fengslet kvar veke. Det er han som har lært dei songane og hjelpt dei fleste av dei til Jesus.
Eg får den ære det er å dela Guds Ord med dei idag. Eg minner dei på at Guds plan er ein gjenreisingsplan, at han vil gjenreisa deira liv og gjera dei til gjenreisingsarbeidarar som i Hans kraft skal byggja opp at gamle ruinar, gjenreisa det som før låg audt, dei skal byggja oppatt byar som har lagt aude frå ætt til ætt. Biletspråk -javel, men dei skjønar kva eg meiner. Eg deler med dei kva Jesus har gjort for dei, og inviterer dei som ikkje alt har gjort det, å gje livet sitt til han. Dei er innelåst bak gitterdører, og eg kan ikkje be dei koma fram eller ut eller retta opp hendene, for eg ser berre dei som er innaføre den døra eg til ei kvar tid passerer i mi vandring opp og ned korridoren. På oppmoding ropar dei berre eit høgt og kraftig "YES!".
Mange som har sluppe ut, har teke biblane med seg heim, så det er bibelmangel i "cellemenigheten" i Oroketa. Men vi har med nye som vi deler ut. Noralv fortel dei at eg og han er søskenbarn og at vi hadde ei bestemor som hadde eit sterkt ønskje om at hennar etterkomarar skulle reisa ut med evangeliet. Då ho døydde i 1983 var dette framleis ei uoppfylt bøn ho hadde bedt gjennom heile sitt vaksne liv. Men Guds truskap varer frå slekt til slekt, og som hennar barnebarn kunne dei innsette no får høyra Guds ord, blant anna frå vanlege menneske som Gud hadde sendt heilt frå Norge som svar på ei trufast misjonskvinne sine utrøyttelege bøner. Dei skjøna alle noko om Guds veg og tok oppdraget på strak arm om sjølv å gjera ei teneste for Gud ved å ropa til han frå dei mørke fengselscellene for alle dei menneska i Iligan som hadde mista alt dei eigde og mange av sine næraste i flaumen.
Før vi gjekk ville karane på eine cella syngja ein song til oss, og slik eg forstod det spesielt til meg som var der for første gong. Eg stilte meg opp ved døra, tok fram telefonen og prøvde å filma i det dårlege lyset. Dei song frå hjarta. Velsigning frå himmelen strøymde ned over meg og eit gudsnærvær så sterkt som eg sjeldan har opplevd det før. Drapsmenn, valdsmenn, tjuvar - kva veit eg? Men tilgjevne, reine inni, nye skapningar i Kristus som fylte jailen med smak av himmel.

måndag 30. januar 2012
Eit teikn
Pastor Rene Salazar, sprang for livet, for å koma seg unna dei fleire meter høge massane av vatn, tømmer, stein og gjørme. Menighetshuset der han og familien budde i andre høgda, låg like ved elva. Då det verste var over og han kom tilbake, var heile møtesalen fylt av gjørme til omlag 70 cm oppover veggen. Enno viste det tydelege spor på veggen kor høgt gjørma hadde gått. Vatnet gjekk heilt i taket og hadde øydelagt underkledningen. Eine veggen var heilt borte, og andre vegger var delvis øydelagde.
Då han såg korleis det stod til, og tenkte på korleis dei hadde arbeidd i årevis med å få til denne bygningen, var mismodet ikkje langt unna. "Eg tenkte at tida mi her i Iligan no var over," fortel han. Men trass i at alt anna var borte eller totalt knust, fann han forunderleg nok, tre ting som framleis var like intakt; talarstolen som stod midt på golvet, og dei to raude offerkorgene. Det vart eit teikn for han, at han skulle halda fram i arbeidet.

Ein månad etter katastrofen
Ein liten lyseblå flisbelagt krok, er alt som er att av badet og resten av huset til Rachel og familien hennar. Dei fleste husa i dette bustadområdet vart sopt på havet. 1.200 menneske i nærområdet omkom i katastrofen den 17 desember. 500 av desse er framleis sakna. Same dagen vart ein av dei funne i sjøen heilt inne ved Osamiz.
Vi er i Iligan, staden på Filippinene som seinkvelden rett før jul, mens alt var mørkt og dei fleste hadde gått til ro for natta, opplevde marerittet. Tyfonen og regnet som følgde med, skapte ein flaum verre enn nokon gong. Ulovleg tømmerhogst lenger oppe i fjella gjorde at tusenvis av store tømmerstokkar kom nedover med dei veldige vassmengdene og knuste hus til pinneved. Mange av dei kristne ropte til Gud og det var ikkje få vitnemål vi fekk høyra denne dagen om korleis mange av dei hadde vorte mirakuløst redda. Rachel var ein av dei. Ho fotel om korleis ho fekk med seg barn ut av vannmassane. Mannen hennar høyrer på. Han skjelv i heile kroppen medan ho fortel. Traumene sit hardt og lenge i.
Før vi kom hadde Helen Alvarez undersøkt kva dei viktigaste behova var. Svaret var eintydig frå dei som var ramma av flaumen; panner til å koka mat i og biblar. Ein månad etter katastrofen, er behovet kjøkkenutstyr og Guds ord. 200 familiar budde framleis på naudhjelpssenteret som var oppretta. Kvar av dei fekk ei rispanne med lok og ei wokpanne til å steikja mat i. Bibelleveransen var forseinka så den åndelege maten vil verta distribuert så snart som råd. Gleda var stor. På Filippinene der katastrofane kjem jamt og trutt er erfaringa den same kvar gong. Det som vantar i anna naudhjelp, ser ut til å blitt vårt kjærkomne bidrag.
Men Rachel sine svigerforeldre er borte. Vi går gjennom det framleis gjørmete området. Her og der har dei sett opp bitte små minnesmerke so fortel at huset som stod her og alle dei som budde her, er borte. Eit par gonger under vandringa må eg snu meg bort eit par tre sekundar. Gråten pressar litt på, -så er det over for denne gongen. Vi køyrer litt vidare og kjem til eit nytt område der det tidlegare var tett i tett med hus. Av 66 hus som stod her, er berre tre igjen. Her nådde dei frådane vannmassane 3 meter over bakken. Sume stader heile 6 meter. Ein eldre mann fortel at vatnet gjekk som i ei vaskemaskin. Når vi ser oss rundt, skjønar vi kva han meiner. Dei kokospalmane som framleis står att har greiner, materialar og gjørme fleire meter oppover stammane.
Vi snakkar med mange menneske som opplevde marerittet. Det er mange som har sterke vitnemål om Guds mirakuløse berging. Mellom anna pastor Rene Salazar. Søndagen før hadde han fått eit ord frå Gud til menigheten. Det var eit løfte om Guds vern, mellom anna i flaum. Om natta då flaumen kom, vekte Gud han opp. Han høyrde folk som ropa. "Eg tenkte først at dette berre var ein flaum av den vanlege sorten," sa han. Men han fekk ikkje fred på seg og stod opp, fekk familien sin med seg og sprang for livet. Han budde tett ved elva, i andre etasje i menighetslokalet. Alle i menigheten hans berga livet. Ein av dei, ein av hans nære medarbeidarar, budde også like ved elva. Huset hans og alt han eigde var borte, men då han gjekk tilbake på tomten og tok til å grava i gjørma, fann han nokre klede som han kunne vaska og nytta. Denne ungen mannen leia lovsangsarbeidet der i menigheten. Han vart ikkje lite glad då vi gjekk i bilen og henta ein fletta ny gitar og gav han.

onsdag 11. januar 2012
Mor 80 år
Runde dagar gjev høve til å sjå både framover og attende. Framover mot nye mål for resten av livet. Kanskje ikkje dei store måla samalikna med dei ein sette seg i tidlegare tider, men mål om å halda fram i helse og styrke for kvardagen, mål om ting som framleis skulle vore kjekt å få oppleva, sjølv om åra har sett ein del grenser for rørslefridom og vågemot.
Men det er også høve til å sjå attende på eit liv som har bore frukt. Mange ting i lange liv er alt anna enn enkelt, men det tunge slitet og kampen for det rette, gjev siger for ein sjølv og dei som kjem etter.
Eg er uendeleg takksam for ei god mor som gav meg livet og lærte meg kva kjærleik og omsorg er. Skulle nokon ærast, er ho blant dei.
tysdag 10. januar 2012
Stundom gjev vatnet eit uklart bilete av himmelen. Uro tek bort den stilla som trengs for å spegla det perfekte. Likevel teiknar det konturar og omriss av det som er der oppe. Fargane av det kongelege blåe og det reine kvite. Sjølv når ein stirer inn i det djupe og mørke, ser ein berre det lyse og fredfulle. Sjølv døden kan ikkje gøyma livet.
onsdag 28. desember 2011
Varierande julevær
Det einaste vi ikkje har hatt av vær i jula, er snø. Elles har vi hatt det meste av det vestnorsk vær kan by på, frå sterk storm og styrtregn til sol og 10 plussgrader. Julafta skulle eg ein snartur til Knapskog på føremiddagen. På heimvegen måtte eg stoppa i ei busslomme og prøva å fanga dei vakre solstrålane med telefonkamera.
Solstrålane er best når dei treff oss direkte, særs no på vinterstid, men når skyer gøymer sola og berre strålane frå ho er synlege, vert vi gjerne meir medvitne om at solstrålar finnes og at vi ikkje kan greia oss utan. Så fint alt er!
Og så kom eg på det ordet som ikkje er det mest vanlege i daglegtalen men som likevel er eit flott ord: "Stråleglans". I Bibelen er det ordet brukt, ikkje om solstrålar men over ein endå mykje vakrare stråleglans enn den som sola kan gje; herlegdomen som ein dag skal fylla jorda som vatnet dekkjer havbotnen.
"Reis deg i stråleglans! For lyset ditt kjem, og Herrens herlegdom går opp over deg. Sjå, mørker ligg over jorda og skydimme over folka. Men over deg strålar Herren fram, over deg syner hans herlegdom seg. Mot ditt lys skal folkeslag fara, mot din stråleglans skal kongar gå."
Abonner på:
Innlegg (Atom)