Snødjupna, målt på panseret til ein av dei nedsnødde bilane utanfor, synte 28 cm - ferdig samansige. Det skulle halda både til skigåing og aking. Det heldt også i massevis for oss som måkar med hand. Ikkje det at snømåking ikkje er kjekt nok, men med vinteren i fjor friskt i minne, tenkjer ein gjerne litt på kor vi skal gjera av all snøen etterkvart. For slike utfordringar er ikkje teke med i reguleringsplanen for bustadfelt. Og det stod heller ikkje på planen dei sommardagane eg bygde ut heile tomta med garasje og parkeringsplass.
Men no er det ikkje sikkert vinteren vert like kvit som i fjor, sjølv om jula heldigvis blei det. Den nye badevekta eg fekk til jul, har fått meg på den tanken at eg skal ut og gå kvar dag. Den gamle vekta braut saman for ei tid sidan. Det var synd, for det var ei god vekt. Ho gjekk frå null til hundre på godt under to sekundar. Den nye aksellererer ikkje så fort, men går i staden litt høgre opp. Så stor ei trøyst var det ikkje, men kan henda det kan føra til noko godt. Eg likar å vera ute, spsielt når det er så kaldt at det er is i skjegget og kuldeknas under skosålane.
Så langt i jula har eg hatt fine turar, der eg kjenner at det er godt å berre vera til, vera seg sjølv og vera med Herren. Det fredfulle i naturen og freden på innsida er i harmoni. Og så har eg sett av noko av romjula til å lesa. Det er eg av naturen ikkje veldig flink til, men ein god ven seier at den som ikkje les han døyr. Så då kan eg sjølvsagt lesa for å berga livet, eller som no, lesa og kommentera ein annan vens bokmanus. Det er eg godt i gang med og det gjev meg stor inspirasjon. Det er som eit studie i Ordet som triggar meg til å tenkja nye tankar, studera nye vinklingar og følgja nye spor til gamle sanningar. Det er som å trakka opp nye spor i gamal snø og langs vegen oppleva meir av all rikdomen som finnes.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar