Eg høyrer til dei som lengtar etter våren. Sjølv om vinteren har vore full av gode ting og mange aktivitetar, er det som om våren gjev nye krefter og større inspirasjon. To månader har gått, utan eit einaste nyskrive avsnitt på bloggen, men no skal eg passa meg for å skriva endå eitt innlegg med orsaking og grunngjeving for det. Får heller gjera ei vinteroppdatering med framoverretta syn på tilværet. Og det skulle vera enkelt.
Januar var hektisk med teamsamling, eldstekonferanse, tur til Nord-Norge i tillegg til alt det vanlege. Også i februar har eg farta litt rundt med tilhøyrande førebuingar og studier. Dessutan er det tid for å få veden i hus. Pajeroen står framleis i garasjen med demontert motor og ventar på at ein eller annan (les eg) skal få tid til å gjera noko.
Erstatningsbilen har fått 31" hjul uten piggar, noko som kunne gått veldig gale om det ikkje hadde vore for Guds vern og overnaturleg inngripen. For då eg kom frå snøvær og ned i låglandet ein sein kveld i januar kopla eg ut firehjulstrekket sidan det ikkje var snø på vegen likevel men regn og våt vegbane. Då eg etter ei stund kom ut av ein tunnell var vgen underkjølt og friksjonen lik null komma null. Fartsgrensa var 80 og bilen tok verken styring eller brems og gjekk akkrat dit den ville. Det synte seg å vera over i motsatt køyrebane, der det kom to bilar imot. Eg såg at dette kom til å gå gale, men i same augneblink som eg trudde det small, vart den gamle 4-runneren kasta mot høgre og rett i autovernet på andre sida av vegen med høgre framhjørne. I staden for å snurra, spratt fronten ut igjen i vegbana og bakparten dunka inn i det same autovernet, men ikkje fullt så hardt. Dette kasta bakparten tilbake i vegbana og bilen vart liggjande midt i den rette køyrebana med omlag same farten framover. Bilen var nokså knust framme på høgre hjørna og det var ikkje råd å svinga så mykje til venstre utan at det tok bort i. (endå dette er ein bil med store hjulbuar) Men eg kom meg no heim, fekk lånt litt godt opprettingsverktøy og gjort bilen køyreklar igjen med lykter og slikt på plass. Han ser ikkje fin ut, men eg har ikkje tenkt å ha han på vårmønstringa likevel. Vårens planlagde salsverdi har nok gått ned, men kva gjer det målt opp mot alternativet i den ukontrollérbare situasjonen.
Det er ikkje første gongen han har gjeve sine englar befaling om å verna meg på alle mine vegar. Ein av desse var altså E16, og etter først å ha regisret at eg faktisk var like roleg etter hendinga som før, kunne eg ikkje anna enn å takka Gud for hans godleik og nåde. Kor mange som var i dei andre bilane veit eg ikkje. Men eg er veldig takksam både på deira og på eigne vegne.
Så no har eg skrive om det på bloggen óg. Slik vert det lettare å ikkje gløyma alle hans velgjerningar, men heller gjera dei kjend.
Alt litt ut i februar gjorde vårstemninga seg so smått gjeldande, med varmegrader og solskin. Altfor tidleg, sjølvsagt, men våren er i emning, mykje av veden har kome i tunet, dagane er lysare, silda er på veg sørover og flyttfuglane på veg nordover. Sluddbygene i dag tidleg bar preg av å ha mista trua på seg sjølv og vinteren må bøya seg som viljen bak den tapande armen i ein langdryg handbak.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar