På Osterøy, der eg kjem frå, var det tradisjon blant oss bønder å eta rømmekolle om sommaren. Spesielt i tida rundt jonsok. Som mjølkeprodusent hadde eg sjølvsagt rikeleg tilgang på råstoff. Den gongen hadde eg ein gamal slektning som óg hadde drive gard i si tid og var van med desse tradisjonane. Og ein morgon då det leid til midtsommars tok eg eit spann med nysilt mjølk og ein skvett med surt, og køyrde avgarde for å gje han litt kollemjølk til jonsok.
Klokka var nesten ni om morgonen då eg banka på, men gubben låg framleis i senga og tenkte på å stå opp. Bankinga fekk fart på han og då han kom ut og såg at det var meg, vart han litt flau for å ha lege så lenge. "Eg har det med å liggja lenge om morgonen", sa han, "og så har eg ingenting å gjera på, og då tenkte eg at eg i det minste kunne spara litt straum".
Når pensjonistar tenkjer at det einaste nyttige ein kan gjera for samfunnet er å liggja i senga for å spara litt straum, då kjenner ein seg ikkje mykje til nytte. No er det heldigvis ein tendens i tida, at effektivitet ikkje er det einaste verdfulle i yrkeslivet. Også lang erfaring tel meir no enn for få år sidan.
No har eg ein annan, endå eldre og endå nærare slektning som insisterer på å kløyva veden min for hand. Ei utsliten hofte legg beslag på ønskje om å mosjonera og set grenser for det å gå, køyra trillebor og bevega seg i terrenget. Men å kløyva ved, meiner han er stilleståande arbeid og samstundes god mosjon. Og sjølv om eg har gjeve ei hjelpande hand, er vedhaugen på tunet eit resultat, ikkje av høg effektivitet, men av arbeidslyst og ønskje om å kunna vera til nytte. Og der ligg den, haugen av oppkløyvd ved, i staplar av vintervarme og peiskos. Ein gong var det ei svær gamal selje som stod i Øygarden. Seljer er til vanleg lett å kløyva, men ikkje denne, vridd av vinden og full av kvist som litt etter litt må gje tapt i kampen mot kilar og sleggjeslag frå 80 år gamle hender og ein like gamal vilje til å ta tida til help som eit viktig verktøy i kampen mot gjenstridigheita. For det er jamna som dreg. Det heiter i ordtaket at "mannen gler seg over frukta av sitt eige arbeid": Og vi kunne leggja til: "og av gleda over å vera til nytte!"
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar