Onsdag er bibelskuledag igjen. For min del, vil det sei frå morgonen av, medan resten av gjengen berre har økt på kvelden. Men det betyr ikkje at dei har lege på latsida. Det har nemleg vore ny dugnadsdag på Cruze Center. Det vil sei måling og graving med hakke og spade under solseiken i Cochabamba. Og no i ettermiddag er det full fotballrulle med borna på hjelpeprosjektet.
I går hadde vi også samling i Cruze Center, med undervisning om dåp i vatn og dåp i Den Heilage Ande. Fleire var klar for dåp, men to av dei greidde ikkje å samla familien sin denne kvelden, så det var berre ein som vart døypt, men dei andre vart møtt av den Heilage Ande på ein heilt ny og sterk måte.
Vi ser fram til kvelden på bibelskulen. Det vi gjer her er viktig og til stor hjelp for mange. Vi opplever at det vi har å gje møter eit klart behov hjå meir enn ein. Bolivia er eit fantastisk land. Kvar morgon ser eg vestover mot toppen av Tunari som ragar med sine 5175 høgdemeter mot den blå hausthimmelen her i Cochabamba. Neste laurdag har vi som mål å nå toppen nok ein gong.
Takk for gode oppdateringer! Godt å høre om Guds godhet blant menneskene i Bolivia! Hils teamet og David og Violeta.
SvarSlett<3 Bolivia <3
SvarSlett