Lysbildefremvisning

Loading...

laurdag 14. mai 2011

Tilbake frå jungelen

Seint i går kveld kom vi heim att frå ein liten tur ned i dei tropiske jungelområda. Chaparre- distriktet ligg i det bolivianske låglandet på rundt 300 meters høgde over havet. Klimaet er tropisk og fuktig og med temeratur på mellom 30 og 40 grader. Vi budde i ein landsby som heiter Villa Tunari, mens forsamlinga vi besøkte held til i ein anna småby, ein liten times kjøyring vidare austover.

Vi hadde gatemøter der og mykje folk samla seg for å sjå kva som skjedde. Rundt 40 stykke gav respons på evangeliet og tok imot Jesus, og fleire bad om forbønn for plager dei hadde. Ein familie som tok imot frelse, var også med oss på møte i menigheten seinare på kvelden. Der vart dei tekne godt imot.

I går hadde vi ein flott føremiddag ved motellet i jungelen, der vi fekk slappa av og bada. Før vi reiste heimatt var vi innom i naturparken som ligg like ved.

No er det berre eit arrangementigjen for oss, ein lovsangskonsert i sentralmenigheten her i Cochabamba. Det vert punktum for denne turen. I morgon reiser vi heim att, og sjølv om alle er einige om at vi har hatt fantastiske opplevingar her i Bolivia, er det alltid litt godt å koma heim att óg. Teamet har verkeleg gjort ein kjempegod jobb med forkynning, drama, dans og mange andre ting. Vi har måtta ta mange ting litt på sparket, men det har også gått fint. Konstant forandring har kome for å bli, seiest det, og teamet har vore veldig fleksible og hausta stor velsigning av det. Dagen i dag byr på litt handling og avslapping før turen går heimover. For min eigen del, kjennest det godt etter 28 sesjonar med undervisning på bibelskulen og forkynning på mest alt eg har vore på av samlingar og møter. Men så er det også godt å bety noko når vi er her. Folket her set veldig pris på besøk frå Norge.

Elles er det på tide å melda at på teamet sin tur til La Paz, vart ca 25 menneske frelst og mange vart lækte frå sjukdomar og plager. Gud gjer gode ting i Bolivia. Teamet fekk også ein liten tur innom i Peru under turen til Titicaca. Så har dei vore der óg. Ekstra velsigning!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar