I går ettermiddag kom vi alle til Cochabamba. I Sao Paulo møtte vi Carol frå Wales, som også var med oss i fjor. David, Violeta, David Taboada og Viktor, møtte oss på flyplassen og tok oss til "la casa". I går kveld hadde ungdomsgjengen i sentralmenigheten stelt til "vikingfest" for oss. Det vart ein fin kveld med tevlingar som dei fleste ekte vikingar neppe dreiv med, men kjekt var det i alle fall å bli godt kjent med mange av dei.
I dag var det søndagsgudsteneste. Teamet vart presentert, eg forkynte om det å vera eit profetisk folk so femner stadig meir av det Gud har for oss. Fem seks menneske tok imot Jesus og vi fekk også høve til å be for nokre som var sjuke, mellom anna ein gut som var nesten døv og ei eldre dame som hadde eit dårleg kne. Begge tok imot det Gud gjorde for dei der og då. Dama gjekk utan å halta og guten sa at høyrsla var mykje betre. men det er enno litt som gjenstår for at vi kan sei at han høyrer nornmalt. Men Gud er god og vi gler oss til kvelden, der teamet skal ha ansvaret for kveldsmøtet. I skrivande stund øver dei på framføringa dei skal ha i kveld.
Det var ei kort oppdatering, men det er betre å ha mange korte enn få lange. Det skjer ofte så mykje at det fort vert vanskeleg å få alt med om ein skal hugsa for lenge tilbake.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar