Lysbildefremvisning

Loading...

måndag 11. juli 2011


Ferien i år tok til i garasjen. Det er ingen dum plass å starta ferien. Særleg når ein skal gjera unna ting som vart påbegynt for fleire månader sidan, men som ein aldri har hatt tid til å få gjort ferdig. Tidleg i vår kjøpte eg ein brukt motor med alt tilbehør. Motorrommet på Pajero'en vart reinska, og utover garasjegolvet låg dermed to eksemplar av alt, inkludert skruar og muttrar. Når so tida går og lite vert gjort, er det altså at ein tek til å venta på ferien med von i sinnet. Det er nettopp difor det ikkje dumt å starta ferien i garasjen; det er så utruleg godt å koma i mål med slike langdryge prosjekt.

Og no har eg endeleg fått meg ny bil. Det er same bilen, men opplevinga er som om den var ny. Kvar gong ein får ny bil, er det kjekt å berre ta seg ein liten køyretur, gjerne utan mål og meining. Einaste grunnen til at det er kjekt er at bilen er ny. Eg skulle henta Bente på jobb klokka halv elleve i kveld. Det tek berre to-tre minuttar bort, men eg køyrde likegodt heimifrå i titida, nytte turen ut til Kolltveit for å fylla litt diesel på tanken og kaffi i statoilkoppen. Det er endeleg stasjonar her på Straume, men dei er altfor nære til å få ei slik "ut-å-prøva-nyebilen-kjensle".

Den gamle motoren rauk sund i oktober. No er motorrommet fyllt opp igjen av alt som skal vera der. På fredag var eg til skraphandlaren på Knarrevik og leverte nøyaktig 200 kilo metall; det meste motordeler, fire-fem gamle kløtsjar og ein haug med gamle bremseskiver. Det er nemleg mange som kjem og låner garasjen for å skifta bremseskiver og klossar, men det er heller få som tek med seg dei gamle heimatt. Men slike ting kan altså seljast for 1 krone og 10 øre kiloen. Det fekk eg vita av ein som nyleg var her i same ærend. Dermed overtok eg for 20 kroner i stål, for første gong friviljug.

Og den same fredagen var eg på Lieco og fekk arbeidet godkjent. Så var det strake vegen til Fyllingsdalen for å henta kjennemerka. Der har dei hatt godt fellesskapet med andre kjennemerke i hyllene på bakrommet hjå Statens Vegvesen sidan 15. desember. Hadde eg ikkje hatt kvittering med meg, hadde eg måtta betala inndragingsgebyr også. Men eg stod no fast på at skilta ikkje var inndregne, men innleverte. Forskjellen på dei to tinga er nemleg 1.200 kroner i gebyr. Slikt bør ein helst vita sjølv når ein går i skranka på trafikkstasjonen, for som oss andre, kan også statstilsette gjera feil. Når ein først er inne på dette med inndragning av kjennemerke, (og dei som les denne bloggen veit at eg har vore borti det før), så kom eg på at det kanskje ikkje ville vera så dumt å festa kjennemerka litt ekstra. Så for første gong på lenge leita eg i ei spesiell skuffe i garasjen der eg meinte det skulle finnast ein pose med....jau, der var dei - 2,5 mm popnaglar!!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar