Det er litt tidleg å oppsummera hausten alt no, men å gje ein status så lang, kan vera meir på sin plass. Eit augnekast på kalendaren fortel meg at hjortejakta tok til i går. Men dei hektiske tidene vi lever i, har late den hobbyen finna plassen sin blandt kjekke ting vi har forsona oss med ikkje blir noko av likevel. Då er det ikkje meir å ergra seg over. Det kan forresten godt henda at eg lyt finna fram slaktekniven sjølv om andre tek seg av hjortejakta. I fjor til dømes, måtte eg rykkja ut og slakta gris midt i juli. Det gode med juligris framfor julegris er at den kan grillast med sol på terassen, og etast med solbriller på nasen.
På bibelskulen har eg fått ei ekstra utmaning denne hausten. Den faste arbeidsstokken har vorte redusert, også rektor skal det meste av dette året ha eit annleisår med endra arbeidsordning. I slike tider er det godt å kjenna at verda er full av gode folk som strekkjer seg langt og yter meir enn venta for å få ting til å gå ihop. Mykje god støtte frå mange og kjensla av at det er mange som ber bibelskulen på hjarta sitt, gjer at det å vera reserverektor ei stund, slett ikkje kjennest så ille. Det gjeld å vera seg sjølv og ha tru til Gud både for det å vera seg sjølv og det å gå litt ut over seg sjølv. No har vi dei første tre vekene unnagjort, og ting har gått bra. Vi tek til å koma inn i både gamle og mange nye rutiner. Den nye klassen er då også heilt fantastisk.
Eg har gjort ein liten overflatisk sjølvanalyse, og funne ut at eg både likar å prøva nye ting, læra nye ting og erfara nye ting. Samstundes triggar dette meg aldri slik at eg søkjer utfordringar for utfordringane si skuld. Folk som søkjer seg nye jobbar berre fordi dei må ha nye utfordringar, skjønar eg meg ikkje på. Det må då vera mykje betre å læra nye ting på same tid som ein heldt på med det ein kan. Å gjera det same år etter år, er ein eigenskap eg truleg har arva frå far min. Alt han treng er å setja seg eit mål, så er motivasjonen eit faktum. Mange seier at ein ikkje må bli gamal i same jobben. Men det kjem vel an på om ein er på rett plass i livet. Eg tenkjer at den beste plassen å verta gamal, er saman med nye generasjonar av menneske som vil ha fatt i det dei eldre kan gje, men som har tenkt å springa både fortare og lengre enn nokon har gjort før.
Generasjonane saman, er eit uttrykk vi har brukt mykje siste halvåret. Og det er nettopp i erfaringa av å vera midt i samlinga av ulike generasjonar at eg kjenner eg trivst så godt. Det er som ein yngjest oppatt og får nye krefter. Livet får ikkje ny meining, men fornya røynsle av den same meininga.
Også på Folk Bibelskule har nettkursa kome i gang. Ein god gjeng frå store deler av landet er godt i gang med kursbøker, diskusjonsforum, fleirvalgsoppgåver og anna som høyrer med til nettstudier på FB.
På Sotra er vi også godt i gang med mange ting. Det har vore ein velsigna start på ein haust vi trur berre skal bli betre og betre. Regionsarbeidet har fått større dreis på seg enn nokon gong før, og eg ser fram til mykje godt fellesarbeid med flokkane på Askøy, Osterøy, Nordhordland, Måløy og Bergen. Bente har sin gamle halve jobb men har fått ein ny halv i tillegg som vert og koordinator på Gullbotn. Slik vert det mange høve for oss til å finna glede og kvile også i det å arbeida meir saman enn før. Vi er takksame for å vera i ein situasjon der vi kjenner at vi gjer kvarandre gode.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar