Lysbildefremvisning

Loading...

søndag 27. november 2011

Å sjå det usynlege

Dette bilete hang på hotellrommet som eg budde på i Cardiff, Wales nyleg. Å tolka bilete har eg aldri gitt meg inn på før, men ein gong må vera den første. På det same hotellet var det forresten eit bilete som hang opp ned. For mange bilete sitt vedkomande betyr ikkje det så mykje for slike som meg. Men det kan vera ei utfordring for dei som skal hengja dei opp på veggen. Dei kan koma i skade for å gjera kunstnaren urett. Eit tips kan vera å sjå på signaturen, som i dei fleste tilfelle skal vera lesande når ein står med føtene på golvet.

Dette bilete heng rette vegen, i alle fall slik eg tolkar det. For som eg låg i senga tidleg om morgonen og studerte kunstverket, lika eg det meir og meir. Ein ting angrar eg, at eg ikkje prøvde å finna ut kven som hadde laga det. Det er sikkert ikkje ein eg har høyrt om, men då kunne eg ha omtala det flotte bilete til kunstnaren som dei fleste andre heller aldri har høyrt om, og  dermed fått det til å høyrast ut som om eg hadde greie både på eitt og hitt innan kunsten. Det er på ein måte kunst det óg; å snakka om noko slik at når ein sagt alt det vesle ein veit, så trur alle at ein framleis har mykje usagt som gjerne heller kan trekkjast fram ved seinare høve.

Dette bilete handlar om å gjenspegla røyndomar. Og det som på bilete gjenspeglar seg i den stille vassflata, er tre. Dei er like, fordi dei alle liknar på den første orginalen som vi ikkje kan sjå, fordi den er i det usynlege. Den er i det himmelske. Men det første treet på bilete er ei avspegling av det himmleske treet. Og den himmelske avspeglinga har vorte til røyndomar som igjen reflekterer seg sjølve og den røyndomen av herlegdom dei sjølv representerer.

Alt det synlege har sitt opphav i det usynlege. Det er ein synleg refleks av ein usynleg realitet. Ved trur skjønar vi at jorda vart til ved Guds Ord og at det skapte ikkje har blitt til av det synlege. Jorda er skodeplassen for det himmelske styret der menneske som er gjenreist i Kristus, kan gjenspegla fylden av det Guds bilete som er gjenreist i dei. Jesus er livets tre. Han sa sjølv om det at han skulle gå til krossen: "Om ikkje kveitekornet fell i jorda og døyr, vert det berre det eine kornet, men om det døyr, gjev det stør grøde". Han var frøet som fall i jorda og døydde, og opp or hagen der han vart gravlagd, vaks, biletleg tala, tusenvis av nye jesus-tre opp. Ved trru fekk dei del i hans død, hans grav og hans oppstode. Dei lever fordi han lever. Dei er døde til seg sjølv, men lever for han som døydde og stod opp for dei. Dei er nye rotskot av Livsens Tre. Dei har sitt liv og sine kjelder i han. Dei er som tre, planta ved rennande bekker. Lauvet visnar ikkje på dei, dei ber frukt tolv månader i året, og alt det dei gjer skal lukkast for dei.

Dei festar ikkje sitt blikk på det som er her nede, men på det som er der oppe, der Kristus sit, ved Faderens høgre hand. Ennå så paradoksalt det kan høyrast ut, festar dei blikket på det usynlege og ikkje på det synlege. Berre slik kan dei sjå Herrens herlegdom med utildekka ansikt, og sjølv gjenspegla det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. For Gud som sa at lys skulle skina i mørket, han har late sitt lys skina inn i våre hjarto, så kunnskapen om han, den som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram, frå oss. Og verda skal sjå - og tru.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar