Lysbildefremvisning

Loading...

laurdag 17. desember 2011

Julehelsing

Samstundes med at alle julekorta og julebreva dett ned i postkassa, dett det også litt dårleg samvit ned i brystkassa. Grunnen er at eg heller ikkje i år har fått skrive eit einaste julekort eller sendt eit einaste julebrev, verken med bilete av ungane eller den vakre kona mi. Rett nok er ikkje ungane ungar lenger,  men vaksne. Kona er framleis kone - heldigvis både for meg og ho. Noko anna har aldri vore på snakk heller, men det høvde så godt å sei det slik, av reint språklege grunnar.

I dag har ho åremålsdag og kan endeleg med rette seiast å vera i siste halvdel av førtiåra. Gratulerer med dagen forresten! Eg stod tidleg opp for å køyra henne på jobb, og kom heldigvis på det før ho gjekk ut av bilen. Gåva får ho få i ettermiddag. Eg hadde vel ikkje fått mor mi sin 80 årsdag ut av kroppen heilt enno. Den var i går. Halve slekta fyller nemleg år i desember, så det første eg burde gjort då eg stod opp, var sjølvsagt å tenkja etter: "Kven er det i dag"? I ettermiddag skal vi feira dagen samen med Laura, som også fyller år i desse dagar. Det skal gjerast heime hjå Laura og dei. Elles hadde ikkje eg hatt tid til å sitja her å skriva på bloggen, drikka kaffi og fyra i ovnen.

No går det snart mot jul og nytt år. Dei av oss som alltid ser framover og lever i ei permanent overtyding om at alt vert betre neste år, må ta oss skikkeleg på tak for å greia å sjå bakover nok til å gje ein liten rapport over året som har gått. Likevel er det rett å gjera det. For 2011 har vore eit velsigna år på mange måtar. Vi har mykje å vera takksame for og mangt å gleda oss over.

Eilén starta året med å reisa til Landcaster i England for å gjera unna ein del av studiet på universitetet der. Både ho og vi er takksame for den gode tida ho hadde der borte. På Word Watch i Wales no i november fekk vi treffa nokre av dei som ho vart kjend med i Kings Community Church i Landcaster. Dei sette stor pris på å ha Eilén der i seks månader, og det dei sa om ho stadfesta alt vi visste frå før om grunnane til at vi er stolte over den eldste dottera vår. På mandag var ho ferdig med siste eksamen i dette semesteret og til sommaren er det berre året med Master-oppgåva som står att av det fem år lange studiet. No i haust har ho hatt praksis på Rothaugen i Bergen, og kome svært godt ut av det både med tilsette og elevar ved skulen.

Endre tok fagprøva si i bilmekanikarfaget i juni. Han trivest godt på Lieco Auto og har halde fram i jobben der etter at læretida var over. Interessa for bilar er stor så det vert mykje skruing, både på eigne og andre sine bilar. Sjølv har han fire. Den eine har så fin lakk at ein ikkje kan ta sjansen på å nytta den om vinteren. Den andre er så seinka at den vil ta nedi sjølv det tynnaste snølag. Hadde spoilarane vore dimensjonert for snøbrøyting kunne han tent bilen inn på ein kort vinter, for hestekrefter er det meir enn nok av. Den tredje kan berre nyttast til leik og moro på skikkeleg snøføre, av differensialmessige årsaker vi ikkje skal koma inn på her. Og for at han skal sleppa å låna den gamle Pajeroen min kvar gong det er vinter og berr veg, har han ein Audi A6 som kan nyttast på alle underlag og til alle årstider. Eg har fremja forslag om at ein av bilane kanskje kunne vore seld. Endre er ein fantastisk ung mann som attpå til er einig med far sin i det meste. Likevel er det eit faktum at fine gule 240'ar med perlemorslakk  berre kan seljast i sommarhalvåret.

Elles har Endre flytta for seg sjølv i løpet av året. Både huslege eigenskapar, sans for estetikk, ordenssans og mangt anna som kan koma godt med, har synt seg å vera ibuande kvalitetar. Eg og Bente er stolte over Endre og det livet han lever. Mange unge samlast heime hjå han og han øver god påverknad på både dei og andre menneske rundt seg. Vi er takksame for Guds godleik mot oss og det verk han gjer i barna våre.

Marte har blitt 17. (no i desember sjølvsagt) Ho går 2.vgs på Danielsen i by'n og stortrivest. Det sosiale fellesskapet og sterke banda til vener frå klassen, menigheten og vener frå ungdomsskuletida er med å gjer kvar dag til ein fest for henne. Ho gjer det bra på skulen og gler seg til ein ny Boliviatur i april, denne gongen saman med besteveninna Stine Helen.

Bente har i fleire år arbeidd i heimetenesta her i Fjell Kommune i halv stilling. Dette året har ho skore ned på ektravaktervog auka med ei ny halv stilling som koordinator og vert på Gullbotn Konferansesenter. Frå påsketider har ho også vore styreleiar for Help International Norway, ein hjelpeorganisasjon som arbeider med hjelp til skulegang og utdanning til fattige born og unge hovudsakleg i India og på Filippinene. Det har vore mykje å setja seg inn i for henne, men ho gjer ein fantastisk innsats og eg har fått ny røynsle i å oppmuntra henne i ting eg ikkje skjønar sjølv.

For meg har denne hausten vore litt annleis enn siste åra. På grunn av sjukefråvær blant tilsette ved bibelskulen, har eg sidan i august hatt hovudansvaret for drifta ved skulen. Det har vore ei glede av fleire årsaker. Som fast inventar på bibelskulen sidan 1994, er det sjølvsagt ei glede å stilla opp når skulen treng meg. Det at andre tilsette og leirar i menigheten har stilt opp på ein framifrå måte, har gjort jobben som mellombels rektor enkel. Mykje arbeid og tunge bører er to heilt ulike ting. Eg er takksame for at vi på alle område arbeider med folk som gjer arbeidet til ein fest. Og slik trur vi det skal halda fram også inn i det nye året.

"Evangeliet", har vore stikkord for meg denne hausten. I skrivande stund, har bibelskulestudentane gruppeeksamen. Denne handlar i hovudsak om å forstå evangeliet, verknaden av Kristi kross og Jesus Kristus som grunnvollen. Eg har blitt overtydd i seinare tid om det naudsynte i å halda evangeliet høgt og hjelpa folk til å skjøna "ordet om krossen". For det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.
I avisene las eg her om dagen at det hadde kome framlegg om å ikkje kalla skulane si juleavslutning for "juleavslutning". Det kunne heita vinteravslutning, vart det hevda. Og så burde det verta forbod mot nissehuer. For "juleavslutning" som begrep og nissehuer som hovudplagg, kunne støyta dei som ikkje feirer jul. Ein av dei mest kjende muslimane i Noreg, måtte stå fram og ta nissehuene i forsvar mot den norsk-humanistiske dårskapen. Nokon kunne vel likegodt ha teke vinteren i forsvar, slik at den ikkje vart avslutta før den for alvor har begynt. Verda ler av oss fordi vi klagar over å ha for lite godt smør til alle som skal slanka seg. No kan dei le av oss fordi vi ikkje eingong veit kvifor vi feirer jul, eller for den saks skuld, torer å vedgå at borna våre trur på nissen.

Eg drøymer om eit folk som kjenner evangeliet om Jesus Kristus og som lever i openberringa av han som Herre og av riket hans. Eg drøymer om eit folk som har svar å gje til menneske og nasjonar, eit folk som kjenner sanninga og som reiser seg i sanninga si kraft. Difor er eg så takksam for å få lov til å vera ein formidlar av "evangeliet", og hjelpa andre til å forstå og gje respons til den gode bodskapen. For over 2000 år sidan vart Ordet menneske. Guds Son vart inkarnert i verda, fødd av ei møy som heitte Maria. Han var sann Gud og sant menneske. Han representerte himmelen og Far sin og han representert oss framfor Gud som sende han for å frelsa. Han sona synda for alle menneske då han gav sitt liv til soning for all synd. Han gav oss alle del i sin eigen død og si eiga oppstode, så vi ved tru kan ta imot eit nytt liv, bli nye skapningar i Jesus Kristus og verta ein del av hans nye folk, som lever for han og veks opp til mognad i han. Eit folk som kjenner han. Eit folk som elskar han og tener han. Eit folk som ser på han og vert omgjort til å likna meir og meir på han. Eit folk som saman skjønar hans plan og lever livet mellom alle andre i samfunnet, så tilslutt heile jorda er full av kunnskap om hans herlegdom. Evangeliet er ikkje nytt, det er snart 2000 år. Men evangeliet er Godt nytt. Vi bur i eit land der evangeliet er eit kjent uttrykk, men der berre ein liten prosent har høyrt det og endå ferre skjøna det. Det er vårt oppdrag for det nye året; å gjera kjend det som er godt nytt for alle. Så kan huer vera huer og graut vera graut, med eller utan smør, alt etter om det er råd å få fatt i. Det som tel er å ta imot Guds kjærleik ved å ta imot kjærleiksgåva han sende, ta imot Jesus som Herre i livet og som den einaste frelse frå synd og dom.Landet vårt treng godt nytt. Difor ber vi for Kongen, familien hans, Regjeringa, Stortinget og alle som styrer og er i høg stilling. Vi ber om fred for landet vårt og at alle forhold skal leggjast til rette for at evangeliet skal ha framgang.

God Jul til alle. Guds nåde og fred over Jula og Det Nye Året!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar