Lysbildefremvisning

Loading...

måndag 30. januar 2012

Ein månad etter katastrofen

Ein liten lyseblå flisbelagt krok, er alt som er att av badet og resten av huset til Rachel og familien hennar. Dei fleste husa i dette bustadområdet vart sopt på havet. 1.200 menneske i nærområdet omkom i katastrofen den 17 desember. 500 av desse er framleis sakna. Same dagen vart ein av dei funne i sjøen heilt inne ved Osamiz.

Vi er i Iligan, staden på Filippinene som seinkvelden rett før jul, mens alt var mørkt og dei fleste hadde gått til ro for natta, opplevde marerittet. Tyfonen og regnet som følgde med, skapte ein flaum verre enn nokon gong. Ulovleg tømmerhogst lenger oppe i fjella gjorde at tusenvis av store tømmerstokkar kom nedover med dei veldige vassmengdene og knuste hus til pinneved. Mange av dei kristne ropte til Gud og det var ikkje få vitnemål vi fekk høyra denne dagen om korleis mange av dei hadde vorte mirakuløst redda. Rachel var ein av dei. Ho fotel om korleis ho fekk med seg barn ut av vannmassane. Mannen hennar høyrer på. Han skjelv i heile kroppen medan ho fortel. Traumene sit hardt og lenge i.

Før vi kom hadde Helen Alvarez undersøkt kva dei viktigaste behova var. Svaret var eintydig frå dei som var ramma av flaumen; panner til å koka mat i og biblar. Ein månad etter katastrofen, er behovet kjøkkenutstyr og Guds ord. 200 familiar budde framleis på naudhjelpssenteret som var oppretta. Kvar av dei fekk ei rispanne med lok og ei wokpanne til å steikja mat i. Bibelleveransen var forseinka så den åndelege maten vil verta distribuert så snart som råd. Gleda var stor. På Filippinene der katastrofane kjem jamt og trutt er erfaringa den same kvar gong. Det som vantar i anna naudhjelp, ser ut til å blitt vårt kjærkomne bidrag.

Men Rachel sine svigerforeldre er borte. Vi går gjennom det framleis gjørmete området. Her og der har dei sett opp bitte små minnesmerke so fortel at huset som stod her og alle dei som budde her, er borte. Eit par gonger under vandringa må eg snu meg bort eit par tre sekundar. Gråten pressar litt på, -så er det over for denne gongen. Vi køyrer litt vidare og kjem til eit nytt område der det tidlegare var tett i tett med hus. Av 66 hus som stod her, er berre tre igjen. Her nådde dei frådane vannmassane 3 meter over bakken. Sume stader heile 6 meter. Ein eldre mann fortel at vatnet gjekk som i ei vaskemaskin. Når vi ser oss rundt, skjønar vi kva han meiner. Dei kokospalmane som framleis står att har greiner, materialar og gjørme fleire meter oppover stammane.

Vi snakkar med mange menneske som opplevde marerittet. Det er mange som har sterke vitnemål om Guds mirakuløse berging. Mellom anna pastor Rene Salazar. Søndagen før hadde han fått eit ord frå Gud til menigheten. Det var eit løfte om Guds vern, mellom anna i flaum. Om natta då flaumen kom, vekte Gud han opp. Han høyrde folk som ropa. "Eg tenkte først at dette berre var ein flaum av den vanlege sorten," sa han. Men han fekk ikkje fred på seg og stod opp, fekk familien sin med seg og sprang for livet. Han budde tett ved elva, i andre etasje i menighetslokalet. Alle i menigheten hans berga livet. Ein av dei, ein av hans nære medarbeidarar, budde også like ved elva. Huset hans og alt han eigde var borte, men då han gjekk tilbake på tomten og tok til å grava i gjørma, fann han nokre klede som han kunne vaska og nytta. Denne ungen mannen leia lovsangsarbeidet der i menigheten. Han vart ikkje lite glad då vi gjekk i bilen og henta ein fletta ny gitar og gav han. 

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar