Pastor Rene Salazar, sprang for livet, for å koma seg unna dei fleire meter høge massane av vatn, tømmer, stein og gjørme. Menighetshuset der han og familien budde i andre høgda, låg like ved elva. Då det verste var over og han kom tilbake, var heile møtesalen fylt av gjørme til omlag 70 cm oppover veggen. Enno viste det tydelege spor på veggen kor høgt gjørma hadde gått. Vatnet gjekk heilt i taket og hadde øydelagt underkledningen. Eine veggen var heilt borte, og andre vegger var delvis øydelagde.
Då han såg korleis det stod til, og tenkte på korleis dei hadde arbeidd i årevis med å få til denne bygningen, var mismodet ikkje langt unna. "Eg tenkte at tida mi her i Iligan no var over," fortel han. Men trass i at alt anna var borte eller totalt knust, fann han forunderleg nok, tre ting som framleis var like intakt; talarstolen som stod midt på golvet, og dei to raude offerkorgene. Det vart eit teikn for han, at han skulle halda fram i arbeidet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar