Lysbildefremvisning

Loading...

onsdag 11. januar 2012

Mor 80 år

Mor runda 80 år like før jul. Dagen vart feira utan dei heilt store folkemassane til stades. Likevel var det kjekt å ha næraste familien samla her hjå oss for å markera den store dagen. Åtti år er ikkje så lang tid. Likevel er det lenge nok til å ha gjennomlevd mange store endringar i tida og mange dramatiske livsrøynsler.
Runde dagar gjev høve til å sjå både framover og attende. Framover mot nye mål for resten av livet. Kanskje ikkje dei store måla samalikna med dei ein sette seg i tidlegare tider, men mål om å halda fram i helse og styrke for kvardagen, mål om ting som framleis skulle vore kjekt å få oppleva, sjølv om åra har sett ein del grenser for rørslefridom og vågemot.
Men det er også høve til å sjå attende på eit liv som har bore frukt. Mange ting i lange liv er alt anna enn enkelt, men det tunge slitet og kampen for det rette, gjev siger for ein sjølv og dei som kjem etter.

Eg er uendeleg takksam for ei god mor som gav meg livet og lærte meg kva kjærleik og omsorg er. Skulle nokon ærast, er ho blant dei.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar